Bli medlem nå!


Create your own web pages in minutes...
Create your own web pages in minutes...
Copyright ã Arild Olsen Vang Webdesign
Forsiden             A-Våpen Historie            A-Våpen idag              Nyheter              Linker
Det amerikanske rakettforsvaret
og
Vardøradaren


Før prosjektet om antirakettforsvar starta.

Reagen sin plan om Stjernekrig.
Berre 11 år etter ABM -avtalen vart underskriven, den 23.mars 1983, kom Ronald Reagen med utspelet sitt om det som snart vart kalla for Star- Wars, eller stjernekrig. Dette romvåpenprogrammet kalla han for "Strategic Defence Initiative, forkorta til SDI. I denne meldinga ba han amerikanske forskarar om å gjera atomvåpna ufarlige og avlegs, ved å laga eit forsvarsskjold ute i rommet for å verna folket i USA. Då trong ikkje folk lenger vera redde for nokon  "atomvinter". Nettopp dette at han spela på folket si frykt for atomkrig, gjorde at han fekk mange av atomvåpenskeptikarane med seg. Men Reagen snakka aldri om å avvikla sine eigne atomvåpen.  
Stjernekrigsprogammet møtte stor motstand i store grupper av folket. Storparten av vitskapsfolka meinte dette prosjektet, med den då føreslåtte teknikken, ikkje ville lata seg gjennomføra. Men industrien og storkonserna såg at her var pengar å tena. Og det vart brukt betydelege summar på utforsking av delprosjekt. Men SDI prosjektet kom ikkje så langt at det vart realiserbart, så det vart nesten lagt på is, men ikkje heilt. Og i slutten på 80 talet skjedde det store ting i Europa, som oppløysing av Warszawapakta, Berlinmurens fall osv. Dette gav ikkje i første omgang stimulans til å halda fram med SDI programmet.

Det er ikkje tvil om at SDI programmet, om det hadde lukkast, heilt klart hadde vore brot  på ABM avtalen av 1972.

Antirakettforsvaret er i gang.
Rundt midten på 90 talet byrja USA å få  fart på eit landsomfemnande rakettforsvar, no stort sett basert på andre teknologiar. I dag kallar dei rakettskjoldet for NMD, National Missile Defence, nasjonalt rakettforsvar.
Bergens Tidende av 17. februar 2ooo visar eit oversiktskart over USAs  varslings og overvakingsstasjonar rundt om på kloden. Kartet er dater 6. desember 1999, og er utferda av Det amerikanske luftforsvaret sitt kontor for kommando  - og kontrollsystem for strategisk og kjernefysisk avskrekking. Strategic and Nuklear Deterrens Command and control System Program Office, forkorta til (SNDCCSPO). Me ser av kartet at dei ulike varslings og overvakingsstasjonane er plassert på ulike stader på kloden. Alle stasjonane har nettsamband med hovudsentralen  som ligg i California. Denne stasjonen har då kontakt med utskytingsbasen for dei rakettane som til slutt skal uskadeleggjera atomstridshovuda på rette tidspunkt. Utskytingsbasen som skal senda rakettar mot stridshovuda, skal byggjast i Fort Greely i Alaska. Basen ligg i ein sentral del i Alaska.  Rakettane som skal nyttast her, vert kalla for" hit - to- kill- rakettar" Når ein interkontinental rakett vert avfyrt, så gjeld det å få data frå denne så fort som mogleg, det gjeld banefart osv. Di før hovudsenteret får posisjonane, di større er sjansen for å treffa stridshovuda når dei vert skotne ut frå bereraketten

Vardøradaren.

Den 17 februar 2000 prenta Bergens Tidende eit faksimile frå eit dokument frå det amerikanske luftforsvaret datert den 13.mai 1999 og der Vardøradaren (HAVE  STARE) er identifisert som ein del av det amerikanske nettverket MWSSS.
Sjå kopien av faksimilet under.

Slik såg faksimilet ut. (henta frå B.T.)

Bokstavane MWSSS står for MissileWarning Space Surveillance System. Det betyr på norsk: Varsling - og overvakingsystem av romrakettar. Dette varslings - og overvakingssystemet er bunde til hovudsenteret for overvakingsstasjonane i California.


Det er i alt utplasserte 11 radarstasjonar rundt på kloden
Desse stasjonane er merkte med ein kvit trekant på oversikts- kartet. Me ser same type stasjonar både i England og på Grønland.

Det varte ikkje så lenge etter Inge Sellevåg begynte å skriva om Vardøradaren, før opplysningane om Vardøradaren vart teke vekk frå internettsida. Det var amerikanske tryggleiksmyndigheiter  som gav ordre til firmaet Rayteon Electronic System i California om å trekkja nettsida, som gav opplysning om Vardøradaren, tilbake. Det var uråd å få ei forklaring på kvifor nettsida vart fjerna. Sellevåg spurte om det som stod der var feil. Det fekk han heller ikkje noko svar på.

Litt meir om Vardøradaren.
Den gamle Vardøradaren som hadde vore i bruk frå 1970 talet, kunne berre kartleggja gjenstandar i store høgder, slik som russiske interkontinentale rakettar. Radaren hadde i fylgje uttale frå pensjonert underdirektør Einar Hanssen i forsvarets etterretningsteneste ingen betydning  for norske sikkerheitsinteresser. Det var også amerikanarane som stort sett betalte driftsutgiftene til radaren.
Den nye Vardøradaren er bygt og justert av firmaet Raytheon Electronic Systems i El Segundo i California. I det amerikanske varslingsnettet er det plassert ut 11 liknande radarar rundt om på kloden, og dei har fått namnet , "Global Awareness  (global årvåkenhet). Før radaren vart sendt til Noreg, stod han på Vandenberg flybase i California, og transporten til Noreg starta 18. mai 1999. Han vart frakta med tog og bil til Houston i Texas, og med båt derifrå til Amsterdam. Radaren kom til Vardø 1. august 1999.
Det som er opplyst av norske og amerikanske myndigheiter tidlegare, er at radaren er med i eit nett som er kalla for, Space Surveillance system, (SSN) , romovervakingssystem, kan ein vel seia på norsk. Dette var mellom anna viktig for å kartleggja romskrot, men kunne også oppdaga rakettar.
Dei to systema, SSN og MWSSS har ulik samansetning og storleik, men også ein viktig skilnad i funksjon, og MWSSS nettet skal integrerast i det planlagde amerikanske rakettforsvaret.

Uttale frå amerikanske ekspertar om Vardøradaren.

Theodore Postol er professor i vitenskap, teknologi og nasjonal sikkerheit ved Massachusetts Institute of technology. Han har tidlegar vore forskar ved Argon National Laboratory. Han har vore rakettanalytikar. I tidsperioden 1982 - 1984 var han rådgivar for det amerikanske forsvarsdepartementet. Kort og godt, han er ein av dei fremste kjennarane til rakettar og rakettforsvar.

Han seier mellom anna dette om Vardøradaren: Globus II ( Have Stare), som er ein X-bånd radar, kan verta brukt i rakettforsvar, som heilt klart bryt med ABM avtalen. Han visar til at i fylgje den tekniske analysen som er presentert i Bergens Tidende, kan radaren samla data og formidla data i såkallt sann tid til varslingssentralen i California. Sann tid betyr at observerte data vert vidare -sende i same øyeblikk dei vert mottekne. Radaren kan til dømes samla data om russiske rakettoppskytingar.

Postol uttalar vidare: Den nye Vardøradaren er ein etterretningstrussel som russiske militærplanleggjarar ikkje kan oversjå, og dei plasserar sikkert Vardø høgt på lista over russiske angrepsmål i ein atomkrig. T. Postol hadde nemleg sendt dei informasjonane som UD fekk også til Russland.

Han seier elles.  Amerikanarane har gjort det heilt klart at dei vil bryta med ABM avtalen dersom den ikkje vert endra slik at han gjev rom for at USA kan byggja ut det nasjonale rakettforsvaret. Det er nett eit nasjonalt rakettforsvar ABM kontrakta skal hindra. Dette er ein uttale utan meining.

Theodore Postol meiner forsvarsminister Dag Jostein Fjærevoll feilinformera stortinget når ha seier:

Verken amerikanske eller norske myndigheiter har på noe tidspunkt hatt planer om å koble Globus to til et rakettsystem. Globus II er under full norsk kontroll. Den er ikkje utstyrt med xband.

Postol seier til dette:

Hvis radaren er en del av det integrerte advarselsystemet, så kommuniserer det i sann tid. Man kan ikke føreta en teknisk vurdering uten svært hurtig form for kommunikasjon

Theodore Postol

NEI TIL ATOMVÅPEN
AVD
HORDALAND & BERGEN 
NTA avisen



Les NTA avisen her