Bli medlem nå!


Create your own web pages in minutes...
Create your own web pages in minutes...
Copyright ã Arild Olsen Vang Webdesign
Forsiden             A-Våpen Historie            A-Våpen idag              Nyheter             Linker

NEI TIL ATOMVÅPEN
AVD
HORDALAND & BERGEN 
NTA avisen



Les NTA avisen her

Amerikanske rakettbasar i Polen og radaranlegg i Tsjekkia.


USA gjennomførte ein test av det sjøbaserte antirakettsystemet sitt torsdag den 26. april 2007. Dette vart frå amerikansk side sett på som ei sers vellukka test. Dette hende nådde NATOs uformelle utanriksministermøte før det vart avslutta på fredag den 27. april.

Før utenriksministrane  hadde gjort seg ferdige med innvielsesermonien torsdag den 26. april, hadde president Vladimir Putin fyrt av ein kraftig salve mot Det Amrikanske Antirakettsystemet, og trua med å seia opp avtalen frå 1990 som vart kalla ”The Treaty on Conventional Armed Forces in Europe”. På norsk kan ein vel kalla det for ” Traktat om konvensjonell opprustning i Europa”.

På toppmøte som OSSE hadde i 1999 i Istanbul vart avtalen revidert etter dei tlhøva som rådde då.

Det er berre 4 statar som til no har ratifisert den nye avtalen, mellom dei Russland. NATO  -  landa vil ikkje ratifisera avtalen før Russland trekkjer ut styrkane sine frå Moldova og Georgia.

Putin nemnde også den planlagde amerikanske rakettbasen i Polen, og likeeins radaren i Tsjekkia. Desse skal også knytast til det amerikanske antirakettsystemet.

Natos generalsekretær Jaap de Hoop Scheffer reagerte sterkt mot Putins tale. Condoleezza Rice finn det fullstendig latterleg og urimleg at 10 avskjæringsrakettar i Polen  og ein radar i Tsjekkia  kan trua dei tusenvis av stridshovuda som Russland har.

Leiaren i Bergens Tidende 28. april kan seia seg einig i Condoleezza Rice sin uttale.

Ser me berre isolert på utplasseringa av rakettbase i Polen og radar i Tsjekkia, så kan reaksjonen til Putin verka sterkt overdriven.

Grunnen til at Polen og Tsjekkia  vert kopla inn i det amerikanske antirakettskjoldet skal vera redslen for rakettåtak frå Iran og Nord –Korea. Iran  har ikkje eit einaste stridshovud pr. i dag.

Anriking av uran er ikkje ulovleg. ElBaradai, som fekk Fredsprisen i fjor, gjekk ut og oppfordra statar til bruk av kjernekraft. Han gjorde ikkje unnatak for dei statane som USA rekna til ”Den Onde Akse”. Iran har heller ikkje sagt opp Ikkjespreiingsavtalen. Nord- Korea har nok atomvåpen.


Men lat oss sjå litt nærare på kva som har skjedd med amerikansk  forsvarspolitikk i høve til Russland og verda elles etter  26. mai 1972, då Leonid Bresjnev og Ricard Nixon skreiv under på ABM avtalen (Anti- Ballistic – Missile- Treaty. ). Dette var ei avtale mellom dei, den gong,to supermaktene.

Nixon seier dette om avtalen:

Hovudeffekten av avtalene er:

ABM traktaten avgrensar utviklinga av antirakettsystem til utpeika små område og til eit lågt virkeområde.

Den førebels avtalen set grensa først og fremst for strategiske offensive rakettvåpen.

Til saman vil dei to avtalane føra til ein meir stabil strategisk balanse i dei komande åra enn ville vera mogleg dersom utviklinga av strategiske våpen fekk utvikla seg uhemma. Denne landevinninga (fordelen) gjeld ikkje berre USA og Sovjetunionen, men alle nasjonar i verda..

Reagen sin plan om Stjernekrig.

Berre 11 år etter ABM -avtalen vart underskriven, den 23.mars 1983, kom Ronald Reagen med utspelet sitt om det som snart vart kalla for Star- Wars, eller stjernekrig. Dette romvåpenprogrammet kalla han for "Strategic Defence Initiative, forkorta til SDI. I denne meldinga ba han amerikanske forskarar om å gjera atomvåpna ufarlige og avlegs, ved å laga eit forsvarsskjold ute i rommet for å verna folket i USA. Då trong ikkje folk lenger vera redde for nokon  "atomvinter". Nettopp dette at han spela på folket si frykt for atomkrig, gjorde at han fekk mange av atomvåpenskeptikarane med seg. Men Reagen snakka aldri om å avvikla sine eigne atomvåpen. 

Stjernekrigsprogrammet møtte stor motstand i store grupper av folket. Storparten av vitskapsfolka meinte dette prosjektet, med den då føreslåtte teknikken, ikkje ville lata seg gjennomføra. Men industrien og storkonserna såg at her var pengar å tena. Og det vart brukt betydelege summar på utforsking av delprosjekt. Men SDI prosjektet kom ikkje så langt at det vart realiserbart, så det vart nesten lagt på is, men ikkje heilt. Og i slutten på 80 talet skjedde det store ting i Europa, som oppløysing av Warszawapakta, Berlinmurens fall osv. Dette gav ikkje i første omgang stimulans til å halda fram med SDI programmet.

Det er ikkje tvil om at SDI programmet, om det hadde lukkast, heilt klart hadde vore brot  på ABM avtalen av 1972.

Antirakettforsvaret er i gang.

Rundt midten på 90 talet byrja USA å få  fart på eit landsomfemnande rakettforsvar, no stort sett basert på andre teknologiar. I dag kallar dei rakettskjoldet for NMD, National Missile Defence, nasjonalt rakettforsvar.

Bergens Tidende av 17. februar 2ooo visar eit oversiktskart over USAs  varslings og overvakingsstasjonar rundt om på kloden. Kartet er dater 6. desember 1999, og er utferda av Det amerikanske luftforsvaret sitt kontor for kommando  - og kontrollsystem for strategisk og kjernefysisk avskrekking. Strategic and Nuklear Deterrens Command and control System Program Office, forkorta til (SNDCCSPO). Me ser av kartet at dei ulike varslings og overvakingsstasjonane er plassert på ulike stader på kloden. Alle stasjonane har nettsamband med hovudsentralen  som ligg i California. Denne stasjonen har då kontakt med utskytingsbasen for dei rakettane som til slutt skal uskadeleggjera atomstridshovuda på rette tidspunkt. Utskytingsbasen som skal senda rakettar mot stridshovuda, skal byggjast i Fort Greely i Alaska. Basen ligg i ein sentral del i Alaska.  Rakettane som skal nyttast her, vert kalla for" hit - to- kill- rakettar".Her kjem rakettbasen i Polen i tillegg. Når ein interkontinental rakett vert avfyrt, så gjeld det å få data frå denne så fort som mogleg, det gjeld banefart osv. Di før hovudsenteret får posisjonane, di større er sjansen for å treffa stridshovuda når dei vert skotne ut frå bereraketten.

I 2002 var det i alt utplasserte 11 radarstasjonar rundt på kloden. Ved sida av Vardøradaren er det til dømes ein radar i England, Grønland og elles på sentrale plasser på kloden. No kjem ein ny i Tsjekkia.

Det varte ikkje så lenge etter Inge Sellevåg begynte å skriva om Vardøradaren, før opplysningane om Vardøradaren vart teke vekk frå internettsida. Det var amerikanske tryggleiksmyndigheiter  som gav ordre til firmaet Rayteon Electronic System i California om å trekkja nettsida, som gav opplysning om Vardøradaren, tilbake. Det var uråd å få ei forklaring på kvifor nettsida vart fjerna. Sellevåg spurte om det som stod der var feil. Det fekk han heller ikkje noko svar på.

Litt meir om Vardøradaren.

Den gamle Vardøradaren som hadde vore i bruk frå 1970 talet, kunne berre kartleggja gjenstandar i store høgder, slik som russiske interkontinentale rakettar. Radaren hadde i fylgje uttale frå pensjonert underdirektør Einar Hanssen i forsvarets etterretningsteneste ingen betydning  for norske sikkerheitsinteresser. Det var også amerikanarane som stort sett betalte driftsutgiftene til radaren.

Den nye Vardøradaren er bygt og justert av firmaet Raytheon Electronic Systems i El Segundo i California. I det amerikanske varslingsnettet er det plassert ut 11 liknande radarar rundt om på kloden, og dei har fått namnet , "Global Awareness  (global årvåkenhet). Før radaren vart sendt til Noreg, stod han på Vandenberg flybase i California, og transporten til Noreg starta 18. mai 1999. Han vart frakta med tog og bil til Houston i Texas, og med båt derifrå til Amsterdam. Radaren kom til Vardø 1. august 1999.