Berges Tidende har i to utgåver av Laurdagsmagasinet, og elles i intervjuv med statsråden og vidare trykt fleire artiklar om emne ”NorMedUnit/UNIKOM”.
Dette er ei framifrå oppfylgjing av ei gløymd fortid. Me vil likevel koma med ein del utfyllande komentarar.
Sitat frå BT.26.1.
28.april 1991. Tore Møller stiger av bussen. Dette må han se. Her skjedde en av Golfkrigens verste tragedier. Dette er det amerikanerne kallar ”Highway Death. Tre kilometer med tre tusen ødelagte kjøretøy, utbrente tanks, vrakdeler.
Hele denne enorme ansamligen av kjøretøy og krigsmateriell sto i brann 26.februar 1991. Anslagene varierer, men her døde trolig flere tusen mennesker. Alle disse kjøretøyene var på vei tilbake til Irak da amerikanerne bombet konvoien.
Under krigen slapp amerikanerne fra seg 700.000 granater med utarmet uran i Irak. Mange av dem ble brukt her ”på Highway of death”.
Over alt ligger det et hvitt, underlig pulver. Og nå vandrer Tore møller og de norske FN- arbeiderne rundt. De klatrer på bilvrakene, inn i tanksene. De vet ikke noe som helst om den eventuelle faren ved det.
Sitat slutt.
Det underlege pulveret som ligg over alt ,er urandioksid. Når uranbomber eller granatar tilsett utarma uran (depleted uranium) treffer målet, får bomba eller granaten ein sjølvslipande effekt, og dette fører til at temperaturen stig så voldsamt at det metalliske uranet brenn til urandioksid, UO . Dette er små molekylære partiklar som kan sviva med vinden over mange km.. Desse partiklane ligg att overalt der desse våpena har vorte nytta, og dei har vorte nytta i alle krigane som USA og NATO har stått bak sidan 1991, og sannsynet for at desse våpena vert nytta i Afghanistan i dag , er svært stor.
Alle dei femti som var med i ”den noske medisinske enheten i UNIKOM”, vart etter det som er sagt ovanfor, utsette for å puste inn det molekylære radioaktive urandioksidet. Urandioksidet vert virvla opp av den minste vindpust eller berøring.
Når desse partiklane kjem inn i blodet, vil dei forstyrra og påverka ei rekkje organ, serleg organ som har stor celledelig, som lunger, alle kjertlar, kjønnsorgana o.s.v. Det fører til deformering av kromosomane, mutasjonar.
Det visar seg ved forsøk at dei radioaktive molekylane har også ein tendens å samla seg i vitale deler av hjernen. Svært mange av dei som var på oppdrag i Umm Qasr, klagar over delvis tapt korttidsminne. Dei fleste amerikanske Golfkrigs -soldatane som vart eksponerte for urandioksid, fekk desse plagene, men det var ei rekkej sjukdomar som desse vart plaga av og svært mangge døydde ,og det er sikkert på tusenvis som er sjuke i dag og.
Av intervjuvet med statsråden som BT. refererar til, seier statsråden at dei fleste som har vore ute på militært oppdrag, greier seg bra, og seier elles at det største ansvaret for statsråden i dag er oppfylgjing av dei som er i Afghanistan og dei som nett er komne heim:
Det er ikkje vanskeleg å skjøna harmen og frustrasjonen til Rigmor Flygansvær, mor til Tore Møller, når statsråden seier at dei fleste som har vore på oppdrag ute , har greitt seg godt. Statsråden sparkar også bein under veteranane med slike uttalelser.
I dag bør alle som har med krig og våpen å gjera, ha kjennskap til verknaden av bruken av utarma uran. Men me tykkjer statsråden tek bruken av dette våpenet altfor lettvint. Dei fleste statane i NATO vil ikkje erkjenna at det er nokon samanheng mellom uranvåpen og til dømes det som har gått under namnet ”Golfkrigsyndromet”. England er eit unnatak. Den einaste som me kjenner til som har fått erkjent at sjukdomen han og borna han fekk etter han kom heim, er ein engelsk krigsveteran frå Golfkrigen. Etter vårt syn så burde alle som var på oppdrag i Umm Qasr, fått eit skikkeleg vederlag, for det som etter alt sannsyn har valda det meste av sjukdomane deira, nemleg opptak av urandioksid.
Desse våpena skulle etter alle internasjonale konvensjonar vore forbodne for lenge sidan.
No får ein vona at forbodet mot bruk av desse våpena vert teke opp av FN til neste år. Men før den tid kan NATO ausa ut hudrevis av tonn uranvåpen i krigssonene i Afghanistan. Urandioksidet vert liggjande der og kan valda skade på alt liv til evige tider. Jamfør skrivet som vart sendt til statsministaren i november.
Det er positivt at statsråden vil koma med ny lov når det gjeld krigsskadevederlag.
Me veit ikkje kor godt soldatane, som vert sende til det okkuperte Afghanistan, vert orienterte om faren ved uranvåpena.
Me kjem med ei sterk oppmoding til statsråden om at soldatane på oppdrag i Afghanistan, får alle opplysningar som vedkjem dette våpenet.
Statsråden har sikkert sett dei filmane som NRK1 har sendt i brennpunkt og utsyn om dette emnet. Me sender likevel med ei DVD overføring av desse programma.
Øystese den 7. 2. 2008.
For Hordaland og Bergen Nei til Atomvåpen.
Nils Årekol
(leiar)