Til
Den Norske Regjeringa ved utanriksministar
Jan Pettersen og statsministar Kjell Magne Bondevik.
Tankar før "Det store smellet"
Irak og bruk av biologiske og kjemiske våpen
At USA i dag har bestemt seg for å få Saddam Hussein bort frå leiarstolen i Irak, altså regimeskifte i Bagdad, har ikkje først og fremst med 11. september 2001 å gjera. Då det offisielle åtaket på Irak vart avslutta 1991, var felleskrigen, (Irak USA) mot Iran nokså nær. Irak kunne framleis vera ein "buffer" i området. Men etter kvart som åra gjekk, kom USA på andre tankar, og for 4 år sidan, i oktober 1998, vedtok kongressen å investera 97 millionar dollar til ein opposisjons - organisasjon som kalla seg "Iraki National Congress (INC). Planen var då først å svekkja Saddam med å redusera den militære slagkrafta så mykje at dei opposisjonelle kunne rykkja fram og overta makta Denne planen har ein høyrt lite om seinare.
USA har bestemt seg for å fjerna Saddam Hussein, eventuelt utan FN vedtak, og utan omsyn til det resultatet som våpenkontrollørane kjem fram til. Men likevel ynskjer nokon av dei "store" i Washington eit eller anna vagt FN vedtak for å dempa dei som stiller seg kritiske til eit åtak mot Irak med "alle tenkjelege middel".
Det ser ut til å vera utanriksministaren Colin Powel som vil gå varsamare fram enn dei andre, slik som forsvarsministaren Donald Rumsfeld, visepresident Dick Cheney og sikkerheitsrådgivaren Condoleezza Rice.Den sistnemnde uttalar til CNN at USA ikkje har tid å venta på bevis.
FN skal vera eit organ som skal freista løysa internasjonale krisar med fredelege middel, og berre i heilt spesielle tilfelle gjera seg nytte av våpen.
Dette må alle som no skal stemma over den nye resolusjonen, som venteleg snart vert lagt fram i sikkerheitsrådet, ha klart for seg .
Grunnen for å fjerna Saddam Hussein er redsla for at Saddam Hussein kan ha atomvåpen eller kjemiske- biologiske våpen som kan trua "resten av verda".
Det er ingen som tvilar på at Saddam har brukt kjemiske og biologiske våpen, men i kva tidsperiode og i kva samanheng, og kvar fekk han desse våpena frå?
Tidsperioden var meir eller mindre heile 80 talet. På den tida var Saddam og USA krigspartnarar mot dåverande felles fiende Iran.
Eg vil sitera noko av det Jon Børge Hansen, som arbeider i FN sambandet, skriv til Klassekampen av 23. 9. 2002.
Sitat: Sentralkomiteen som kontrollerer USAs eksport, har gravd fram dokumenter som viser at det amerikanske handelsdepartementet har gitt eksportlisenser for salg av de bakteriene og kjemikaliene Irak har brukt til å framstille de våpnene som gjør landet til et legitimt bombemål for de samme amerikanerne.
Sentralkomiteens rapport fra 25. mai 1994 om "US chemical and biological Warfarerelated dual - use exsports to Iraq oppgir datoer, selgere, mottakerne, alle detaljene om disse transaksjonene. Sitat slutt
Desse papira namngjev meir enn ti ulike farlege bakteriar,mellom anna miltbrannbakterien(antrax). Det vart gjeve 771 eksportlisensar for alle slag kjemiske og biologiske våpen i perioden 1985 til 1990. Dette er den tida då USA trong Saddam Hussein som regional vakthund mot Komeinis Iran.
I same perioden brukte Saddam både sennepsgass og nervegass i stor stil mot Iran og då i full forståelse med USA. Gassen vart og brukt mot den irakiske byen Halabja i 1988 og massakrerte rundt 5000 kurdarar, som den gongen hadde kontroll over byen og var allierte med Iran. Denne massakren brydde korkje sikkerhetsrådet eller stormaktene seg mykje om den gongen. Massakren som etter 1990 kun vart lagt på Saddam, kviler minst like mykje på USAs skulder.
Etter annekteringa av Kuwait, har ikkje Saddam prøvt seg på bruk korkje av biologiske eller kjemiske våpen, som han har hatt att etter forsyninga frå USA. Han prøvde heller ikkje på det i 1991, då det hagla av bomber og granatar over landet i lang tid. Granatane var tilsette utarma uran238. Ved granateksplosjonen laga det seg urandioksidstøv som som i ettertid har ført til sjukdom og død for svært mange av dei som fekk dette radioaktive støvet i seg. Mange hundre tonn ligg att i Irak og truar alt liv i all framtid. Jamnlege bombetokter av USA og England etter den offisielle avslutninga av Golfkrigen, berre siste året 40 tokter, har heller ikkje fått Saddam til å prøva seg med desse våpena.
Klaus Becher som arbeider ved International Institut for strategic studies (IISS), trur at Irak kan ha minst 12 rakettar som kan nå Tel Aviv med biologiske og kjemiske våpen. Men han understrekar at Irak ikkje har utvikla tenningssystem som gjer det mogleg å nå fram med ladningane,
Etter dette burde det ikkje vera ligitimt for USA å setja i gang terrorbombing mot eit utpint og hjelpelaust folk pr. i dag.
Om Irak,USA og atomvåpen.
Langtrekkjande atomvåpen vil det nok ta lang tid før Irak kan skaffa seg. Pr. i dag er det ingen ting som tyder på at Saddam Hussein har atomvåpen.
Offisielle amerikanske meiningsmålingar visar at 76 % trur at Saddam vil angripa USA med atomvåpen. 74% av dei som trur på åtak, meiner USA bør gå til åtak på Irak.
Amerikanarane bør hugsa på fylgjande: I dag har USA åtte tusen atomvåpen klare til å verta skotne ut, to tusen med interkontinentale raketter, tre tusen fem hundre med ubåtbaserte rakettar og nokre få hundre knytt til bombefly.
Den 10. mars dette året refererar Bergens Tidende til avisa "Los Angeles Time"
Avisa seier: Den 8. januar la Georg W. Bush fram ein hemmeleg plan for Kongressen, der han vil ha godkjenning for å be Pentagon gjera klar atomvåpen til bruk mot minst sju land. Landa er fylgjande: Kina, Russland, Nord-Korea, Iran, Irak, Syria og Libya. Atomvåpena kan brukast i tri tilfele:
1. Mot mål som kan motstå ikkje nukleære våpen.(Til dømes våpen som ligg langt under jorda).
2. Som motåtak mot åtak med atomvåpen eller kjemiske våpen.
3, I tilfelle overraskande militær utvikling.
Denne nye amerikanske atomstrategien har på engelsk fått namnet. " Nuclear Posture review. Den nye holdninga til atomvåpen bryt med absolutt alt som har vorte oppnådd i kampen for ei atomvåpenfri verd, og bryt med alt som har med Folkeretten å gjera. Men amerikanarane treng ikkje frykta Saddam Hussein. Om Saddam ein gong i framtida skulle greia skaffa seg atomvåpen, og retta raketten mot USA, ja, då kunne Irak og mykje meir vera ein "svart kyrkjegard" lenge før den første raketten frå Saddam Hussein kom til å landa ein eller annan plass i "Stillehavet".
Men det amerikanarane har full grunn til å frykta og etter kvart ikkje berre amerikanarane, er sannsynet for ein stor auke av terrorgrupper etter eit massivt åtak mot Irak eller mot andre av "dei sju".
Terror mot terror kan aldri føra til målet.
Men til slutt kan ein spørja: Er det "komande åtaket" på Irak verkeleg grunna på redsla for eit krigsåtak frå Saddam Hussein.
Den kjende amerikanske professoren, forfattaren og samfunnskritikaren Noam Chomsky stiller spørsmålet i siste Amnesty Nytt av oktober 2002: Er krigen mot terror eigentleg kampen om olja.?" Det kan vera mykje i ein slik tankegang.
I talen sin ved syrgjehøgtida over falne i World Trade Senter katastrofen, seier Bush at USA ikkje har til hensikt å kvila før terrorismen er utrydda. Dersom den dag kjem at terrorismen er utrydda etter Bush sin handlemåte, ja, då kviler alt liv på joda for godt.
Øystese den 7. 10. 2002
For NTA Hordaland og Bergen,
Nils Årekol ( leiar) Helga Johannesen, Turid Tønder
Ole Haugan
Dette innlegget vart sent til mange store aviser og lokalaviser 29. oktober 2002. Det var i alle fall nokre aviser som tok innlegget inn.
No har Colin Powel tala i Sikkerhetsrådet. Det står berre att eit vedtak i sikkerhetsrådet, så er banen klar for "Verdenssamfunnet" å gå til krig mot ei utarma og sjuk folkeferd.
Me stiller fylgjande spørsmål til regjeringa.
1. Kvar i FN Charteret er det nedfelt at du kan starta ein førehandskrig, ein krig som byggjer berre på mistanke, (Bush - doktrinen)?
Prova som Powel meinte å koma med i Sikkerhetsrådet onsdag 5. februar, baserte seg i hovudsak på mistanke.
2. På kva måte kan Saddam Hussein trua USA eller andre statar pr. i dag?
3. Forbod mot produksjon,bruk og lagring av biologiske våpen vart sett i kraft i 1975, og tilsvarande for kjemiske våpen i 1997.
Biologivåpenkonvensjonen manglar mekanismar som kan kontrollera at avtalen vert halden.
I 1994 vart det av konvensjonspartane sett ned ei såkalla ad hoc gruppe som skulle forhandla seg fram til eit utkast til ein verifikasjonsprotokoll for Konvensjonen . Det let seg ikkje gjera å verta samde om ein verifikasjonsprotokoll under tilsynskonferansen november / september 2001. Det var først og fremst motstanden frå USA som var årsak til at tilsynskoferansen vart suspendert.
Spørsmålet vårt vert:
Kvifor kunne ikkje USA godta teksten til den føreslåtte verifikasjonsprotokollen, og kva verifikasjonsprotokoll bygde sikkerhetsrådet på då dei vedtok resolusjonen 1441.?
Øystese den 6. 2. 2003
For NTA Hordaland og Bergen
Nils Årekol ( leiar)
Kopi til Kristin Halvorsen og Carl I. Hagen.
Til Den Norske Regjeringa ved Statsministar Kjell Magne Bondevik og Utanriksministar Jan Pettersen.