Bli medlem nå!


Create your own web pages in minutes...
Create your own web pages in minutes...
Copyright ã Arild Olsen Vang Webdesign
Forsiden             A-Våpen Historie            A-Våpen idag              Nyheter             Linker

NEI TIL ATOMVÅPEN
AVD
HORDALAND & BERGEN 
NTA avisen



Les NTA avisen her

Rakettskjold og Vardøradaren,


Heilt frå 23. mars 1983, då Ronald Reagen lanserte romvåpenprogrammet ”Strategic Defence Initative”, har diskusjonen om krig i rommet vore meir eller mindre framme. Men SDI vart nesten lagt på is på grunn av manglande teknologi. Likevel, dei store våpenkonserna greidde å setja i gang delprosjekt. Diskusjonen om ”stjernekrig” og antirakettsystem var likevel mykje godt borte til det leid eit godt sykke ut på nittitalet.

No byrja USA å planleggja det som no vert nemnt som Rakettskjold. Dette byggjer på ein heilt annan teknologi enn som var tilfelle for ”Stjernekrigen”.

Systemet her er samansett av ei rekkje radarar som er plasserte på viktige plasser rundt på kloden, den amerikanske radaren i Vardø er ein av dei. No skal det plasserast ein ny radar i Tsjekkia.

Dette er alle såkalla X-radarar, som sender signala til sentralen, Cheyenne Mountin i California. I same øyeblikk sentralen mottek signala, vert desse prosessert automatisk og sendt til rakettbasen Fort Greely i Alaska. Rakett herifrå skal då treffa atomstridshovudet  i same øyeblikket det vert skote ut av bereraketten. Rakettbasen i Polen skal ha same funksjon som basen i Alaska.

Alle radarane som er knytte til antirakettsystemet, er kopla til MWSSS – Missile Warning Space Surveillance System, på norsk, Varsling – og overvakingsystem av romrakettar. Dette gjeld også Vardøradaren ”Have Stare”.

Nokre data for Vardøradaren:

Den amerikanske Vardøradaren er bygd og justert av firmaet Raython Electronic System i El Segundo i California. Radaren vart testa i Vandenburg som eit system for tidleg testing. Leiaren for testinga var viseforsvarsminister for alle våpensystemer, Philip E. Coyle. Denne testinga kosta 700 millionar kr.

Transporten av radaren til Norge starta 18.mai 1999,og kom til Vardø 1.august1999.

14. april 2005 var General Law, sjefen for det amerikanske luftforsvarets overkommando, i Vardø og opna Vardøradaren for offisielt bruk. Denne opninga var hemmeleg. EtterVardøradaren kom til Vardø, har amerikanarane kosta 400 millionar på radaren fram til 2005. Heile kostnaden er nok på mange milliardar.

Av dei mange testane amerikanarane har gjennomført med omsyn på rakettskjoldet, er det berre få som har vore vellukka.

Men dersom vannvitet med rakettskjold held fram, så må ein vera klar over at  dei første siktemåla vil vera der radarane står.

Ein av dei fremste ekspertane på rakettsystem, amerikanaren Theodore A. Postol seier dette om Vardøradaren:

Sitat: ”Den nyeVardøradaren er en etterretningstrussel som russiske militærplanleggere ikke kan overse, og de plasserer sikkert Vardø høgt på listen over russiske angrepsmål i en atomkrig”.

Norske myndigheiter seier dei har full kontroll over den amerikanske Vardøradaren.

Men ein ting må vera sikkert. Dersom Nato og Norge vert kopla til det amerikanske rakettskjoldet, så står radaren i Vardø klar til bruk. Dette veit i alle fall alle amerikanske rakettekspertar.


Øystese den7. 3. 2008.


For NTA Hordaland og Bergen.


Nils Årekol.