Heilt frå børjinga av 50 talet og fram til førstninga på 70 talet føregjekk det ei uhemma opprustning, særleg mellom dei store supermaktene, det gamle Sovjet og USA. Utvikling og prøvesprenging av atomvåpen føregjekk i stor stil. Riktig nok fekk dei i 1963 til ein avtale om forbod mot prøvesprenging i atmosfæren, men prøvesprenginga under jorda heldt fram for fullt.
Begge supermaktene dreiv ei kapprusting utan grense, og atomvåpenarsenala vaks mest like fort på begge sider. Supermaktene vart etter kvart redde for at motparten skulle få forprang på å byggja ut eit antirakettforsvar som då lett kunne forstyrra "terrorbalansen, "noko som begge partane meinte på ein måte kunne hindra utbrot av krig og "undergang".
For å hindra ei slik utvikling, så vart supermaktene einige om ein traktat som avgrensa eit antirakettsystem og ein mellombels avtale med omsyn på avgensing av strategiske offensive våpen.
Denne avtalen vart signert i Moskva 26. mai 1972.
Nixon seier mellom anna dette om avtalane:
Desse avtalane, som er utfallet av hart arbeid frå administrasjonen, er eit sikkert steg inn i ein ny tidbolk, med gjensidig fredeleg respekt og med avgensning av våpen mellom dei to store atommaktene.
Hovudeffekten av avtalene er:
ABM traktaten avgrensar utviklinga av antirakettsystem til utpeika små område og til eit lågt virkeområde.
Den førebels avtalen set grensa først og fremst for strategiske offensive rakettvåpen.
Til saman vil dei to avtalane føra til ein meir stabil strategisk balanse i dei komande år enn ville vera mogleg dersom utviklinga av strategiske våpen fekk utvikla seg uhemma. Denne landevinninga (fordelen) gjeld ikkje berre USA og Sovjetunionen, men alle nasjonar i verda..
Så mykje frå Nixon.
I ein rapport til det kvite hus dreg William Rogers denne konklusjonen med omsyn på ABM-avtalen:
Eg trur at traktaten om antirakettsystem med tillegget om førebels avtale og protokollen om strategiske offensive våpen, startar det viktigaste steget i våpenavgrensing som nokosinne er teke av denne staten. I desse avtalane tek dei to største supermaktene på jorda mål av seg å delvis bandleggja utviklinga av strategiske våpen.
Partane har teke vare på deira vitale interesser gjennom den varsame forhandlinga og utarbeiding av desse avtalane.
Traktatforhandlarane godtok ingen ting som gjekk mot effektiviteten for nasjonale interesser for våre allierte, som på vanleg måte vart konsulterte under forhandlinga. Kongressen har vorte godt informert gjennom heile tinginga.
Ambassadør Smith og andre delegasjonsmedlemer har leia den utførande sluttføringa til kongresskomiteen.
Me veit at ABM kontrakta vart ratifisert av begge partar, og stod ved lag fram til 2002, då Georg W. Bush einsidig sa opp kontrakten. Desse avtalane, meinte begge supermaktene då, kunne hjelpa til å styrkja internasjonal tryggleik og verds -skipnad. Og meinte ved å setja makt bak desse målsetjingane, burde sikkert styrkja vona om fred i verda.